Вручение март 2018 г.

Страна: Норвегия Дата проведения: март 2018 г.

Лучший дебют

Лауреат
Ларс Свисдаль 0.0
18 år gamle Gjøa dreg frå ein heim prega av skilsmisse for å jobbe ein sommarsesong på Fægrane, ei turisthytte øvst i ein fjelldal ein stad på nordvestlandet. I 29 år har Olaug og Gunnar Fægrane drive hytta, med Olaug som dominerer kvar minutiøse detalj med pragmatikk og varige mein av for omfattande arbeidsmengd og for trong økonomi, og Gunnar som gjer så lite som mogleg. Sonen deira, Ingebrigt, er komen heim for sommaren frå eit halvhjarta studentliv, og har svært lite lyst til å ta hand om drifta av turisthytta. Gjøa får etter kvart eit fortruleg forhold til Ingebrigt, og det blir eit haldepunkt for henne når ho merkar konsekvensane av den utageringa som frustrasjonen over familiesituasjonen heime har drive henne til.

Seg til inkjes er ei forteljing om å sitje fast og å ville vekk, om mødrer og søner, om vaffelsteiking og nattlege fisketurar, om opprør og eldgamle nabokonfliktar – og om å freiste å halde fram så godt ein kan, for ikkje å gjere seg til inkjes.
Ода Малмин 0.0
Dei seier at ein ikkje kan velja familien sin, men på stadar som Jæren er det ikkje stort anna ein kan velja heller.

Syskenbarna Ingeborg og Randi har vore venninner sidan barndommen, men valde dei eigentleg kvarandre? Ingeborg skulle ikkje bli bonde, men det blei slik. Randi skulle aldri venda heim, men det blei slik. Då Randi blir alvorleg sjuk, er dei begge tvinga til å sjå seg tilbake, og forholdet mellom dei blir med eitt endevendt og blottstilt.

Å vera avhengig kan både knyta oss til andre og øydelegga oss. Nokre gongar kan det vera vanskeleg å vita forskjell
Сванхильд Амдал Телнес 0.0
Sterke og vakre debutdikt

Anna veks opp med ei dominerande og valdeleg mor, ein veik, men støttande far og ein bror som gjer ting brør ikkje bør gjere.
Så treffer ho Jakob, og ei stund ser alt lyst ut. Dei vert kjærastar, flyttar saman, og i nokre månadar er dei «paret ein ser på gata», mysande mot sola, smilande. Men i Anna er det noko som luggar. Opplevingane melder seg som uskarpe polaroidbilete frå oppvekst på 1990-talet, bilete som trugar med å spele seg ut. Det er minne ho ikkje vil, men må oppsøke for å komme seg vidare.

Om nettene brukar mor dråpeteljar er ei samling dikt om å leve med traume, om snudde omsorgsroller, om frykta for at slekt vil følgje slekters gang. Det handlar om svik og sinne, sakn og sorg. Men òg om styrke trass alt, om støtte, om å erfare at sjølv om korger brest, er det verdt å flette nye, å leite etter ei som held ei framtid.