Автор
Кьяртан Хатлой

Kjartan Hatløy

  • 1 книга
  • 1 подписчик
Нет оценки

Кьяртан Хатлой — новинки

  • Kjøkkendikt Кьяртан Хатлой
    ISBN: 8249510615
    Год издания: 2012
    Язык: Норвежский
    Den som likar kjøkkenet best er det det held seg der no, drikk ivrig av byrjinga på morgonen får seg glede av ei open jentehand sendt fram, bygd av solkjernen sitt stoff
    spanande hending dag for dag: noko som er eldre enn alle soler, sikrar det eit brunt varmt golv her inne her inne er tryggheita mektig, her inne er berre unge syrinluktande vegar ut, ei heil mengd, og av same blod som våren

    Som det mest kvardagslege av alle våre rom opnar kjøkkenet seg, med vegger og golv, bord og reiskapar, og med trea, havet og himmelen utanfor. Her utførast dei nærast ritualiserte rørslene som nettopp kjøkkenet innbyr til, dagleg, naudsynt, av eit upersonleggjort eg, eit «det». Eit heilt kosmos finst i kvar konkrete gjenstand, og kvar av dei kjende tinga vi nyttar meir eller mindre mekanisk – oppvaskkosten, kaffetraktaren, skjerefjøla – står fram som nye og underlege i desse fine, stemningsvare dikta.